Festivallaurdag 21. november 2026kl. 19:00–21:00

Halsnøy kortfilm festival!

Halsnøy Short Film Festival samlar filmar sende inn frå heile verda til ei feiring av filmkunsten og den korte forteljinga. Med eit breitt utval av sjangrar og tema byr kvar film på noko nytt, og du får høve til å røyste på favorittfilmen din til publikumsprisen. Bli med oss på Kulturhuset på Sæbøvik for ein filmkveld der du kan oppdage nye stemmer og historier frå heile verda. Aldersgrense: 16 år.

Halsnøy kortfilm festival!
Nr. 139
Dato
21. november 2026
Tid
kl. 19:00–21:00
Stad
King Oscar Amfi
Pris
Vaksne 250,-
Billettar

Tommy Dunkan er opprinneleg britisk men har budd på Island dei siste åra. Han har studert film og har eit breitt kontaktnett i bransjen.

Saman med Lilja Iren Gjerde og familien flytta dei til Halsnøy tidlegare i år. Me er glade for at det kjem inn eit frisk pust med unge folk til øya og at me får ein ny aktivitet til Kulturhuset.

Arrangør

Lilja Iren Gjerde

Arrangementet er i regi av arrangøren. Kulturhuset er vertskap.

Praktisk

Godt å vite før du kjem

Parkering

Gratis parkering. Ved store arrangement nyttar me bubilplassen og til bilparkering.

Stad

King Oscar Amfi, Halsnøy Kulturhus

Sæbøvikvegen 103, 5454 Sæbøvik

Vis i Google Maps