Historie

Historia til huset

Halsnøy Kulturhus har ei lang historie, først som hermetikkfabrikk og viktig arbeidsplass. Seinare samlingsstad for folket på øya. Her kjem meir om korleis huset vart til, dugnadsåra og menneska som har forma det.

Frå arkivet: bygda, huset og folket gjennom åra.

Historia

Historia til huset

Halsnøy Kulturhus – kort historikk.

Når ein skal oppsummera Halsnøy Kulturhus så må ein dra historia tilbake ein del år.

Sæbøvik var på slutten av 1800 talet berre nokre få gardar. Sjøen var transportåra til omverda. Folk levde enkelt.

Men så kom ein kar som heitte Martin Enoksen til øya. Han starta med handel, skipsekspedisjon og bakeri. Han hadde visjonar om å bygge ein hermetikkfabrikk, hadde pengar, men mangla tomt. Dermed gjekk han i kompaniskap med Lars Sæbø, som hadde gard og byggeland i stranda på Sæbøvik. Dei bygde først ein trebygning, men i 1911 kom Christian Bjelland til Halsnøy og kjøpte fabrikken. Han starta bygging av ein mykje større fabrikk i mur og betong, dette bygget sto ferdig i 1926.

Samson Sæbø, vart disponent på fabrikken som på det meste hadde opp mot 100 viktige arbeidsplassar. Og veldig mange av desse var kvinner. I 1959 overtok Tørris Sæbø som disponent og dreiv heilt til nedgangstidene i 70 åra, som gjorde at fabrikken vart stengd i 1977.

Bygdefolket samla inn pengar og kjøpte fabrikken av CHR Bjelland for 500.000,- Etter ei kraftig ombygging vart Halsnøy Samfunnshus opna 27. oktober 1984.

Det har etter den tid vore stor aktivitet i bygget, med kafé, kino, bibliotek, fysioterapi, pub, ein karikaturteiknar og til og med ein healer held til her ein periode.

Det einaste som Bjelland hadde igjen etter fabrikken var eit fryselager som sto på tomta ved sidan av. Fryselageret var i drift heilt til 2003, og då var det berre ein deltidstilsett (Kurt Henriksen) og dermed den siste tilsette i hermetikkeventyret på Halsnøy.

For enklare tilgang på offentlege midlar vart namnet på 2000 talet endra frå Samfunnshus til Halsnøy Kulturhus. Pr i dag (2026) er bygget kraftig oppgradert etter eit utal vasslekkasjar i tak og vegger og generell slitasje. 10. august 2025 vart den midtre delen av bygget råka av ein alvorleg vasslekkasje. Trykkventilen på inntaket til huset fungerte ikkje normalt. Varmtvasstanken på loftet spruta ut 24.000 liter vatn ein laurdag ettermiddag det ikkje var folk tilstades. Bygget vart stengt over eit halvt år medan renovering av tre etasjar vart gjennomført.

Namn frå hermetikktida er fortsett i bruk; King Oscar Amfi, møterom Brisling – Mussa- Sardino og Kippers. Nokre historiske bilete heng rundt på huset, ta ein runde og bli kjent med historia.

Har du gamle bilete eller historiar frå huset? Vi vil gjerne ha dei! Kan du og tidsfeste bildene så er me tekksam for det. Send til post@halsnoykulturhus.no.

Utsnitt frå arkivet

Trykk på eit utsnitt for å sjå det nært
Biletveggen med dei historiske fotografia i foajeen

I foajeen

Bileta heng på veggen i foajeen – kom innom og sjå dei i full storleik.

Biletveggen er den første du møter når du kjem inn døra. Set deg ned i sofaen og finn att folk og stader frå øya.

Bilete

19 bilete frå arkivet

Trykk på eit bilete for å sjå det stort. Har du fleire? Send dei til oss.

Meir historie

Andre som tek vare på historia

Nettstader utanfor kulturhuset med bilete og forteljingar frå Sæbøvik og Halsnøy.

Har du gamle bilete, program eller historier frå huset og bygda? Vi tek vare på dei og viser dei her.

Send oss bilete

Vil du vite korleis huset vert drive i dag? Les om huset, styret og dei faste brukarane.