Program
om 1 dag 2 t

Foredrag / debattonsdag 4. november 2026kl. 18:30–20:00

KI-revolusjonen er her. Er bedrifta di klar?

Martin Kvitberg held eit gratis foredrag om KI-agenter, fremtidens arbeidsliv og hvordan teknologien allerede nå kan gjøre jobben for deg.

KI-revolusjonen er her. Er bedrifta di klar?
Nr. 76
Dato
4. november 2026
Tid
kl. 18:30–20:00
Stad
King Oscar Amfi
Pris
Gratis
Vêret
5°Klårvêr
2 m/s· Yr
Meld deg på

Kva skjer med arbeidslivet når KI kan bruke PC-en og gjere oppgåvene for oss? Martin Kviteberg inviterer til eit gratis føredrag om KI-agentar, framtidas arbeidskvardag og kva bedrifta di bør førebu seg på no.

Om arrangementet

Ein kunde sender ein førespurnad. Du les e-posten, finn fram dokumenta, sjekkar prisane og skriv eit tilbod. Så registrerer du opplysningane i systemet og legg inn ei påminning om å følgje opp.

Kva om du kunne be ein KI-agent om å ta seg av store delar av denne jobben?

Martin Kviteberg meiner dei neste tolv månadene kan endre måten me arbeider på grunnleggjande. I dette føredraget forklarer han kvifor – og utfordrar oss med eit spørsmål:

Kvifor skal menneske bruke arbeidsdagen på å klikke, kopiere og flytte informasjon dersom ein KI-agent kan gjere det for oss?

Dette handlar om meir enn å få hjelp til å skrive ein tekst. Temaet for kvelden er KI som utfører oppgåver: finn informasjon, bruker digitale verktøy og tek arbeidet vidare på tvers av system. Kva kan me overlate til teknologien? Kvar trengst framleis menneskeleg vurdering og kontroll? Og kva betyr dette for bedrifter som i dag bruker mykje tid på manuelt arbeid?

Med utgangspunkt i vanlege arbeidsoppgåver tek Martin føre seg moglegheitene, avgrensingane og kva som må vere på plass for å få nytte av KI i praksis. Du får òg høyre kvifor ryddige data, gode arbeidsprosessar og system som heng saman, er ein viktig del av førebuinga.

For kva skjer med konkurransen når éi bedrift framleis bruker timar på arbeid ei anna har automatisert?

Målet er at du skal gå heim med ei betre forståing av kva som er i endring – og nokre konkrete tankar om kvar di eiga bedrift bør starte.

Kven passar føredraget for?

For deg som eig eller leier ei bedrift, er tilsett og lurer på korleis jobben din vil endre seg, eller er nysgjerrig på kva KI vil bety for arbeidslivet. Du treng ingen forkunnskapar.

Om føredragshaldaren

Martin Kviteberg driv Kviteberg AS og hjelper bedrifter med digitalisering, skreddarsydde system og praktisk bruk av kunstig intelligens. Han arbeider med å forenkle arbeidsprosessar, redusere dobbeltarbeid og bruke KI der teknologien gir konkret nytte.

Arrangør

Kviteberg AS

Arrangementet er i regi av arrangøren. Kulturhuset er vertskap.

Praktisk

Godt å vite før du kjem

Parkering

Gratis parkering. Ved store arrangement nyttar me bubilplassen og til bilparkering.

Stad

King Oscar Amfi, Halsnøy Kulturhus

Sæbøvikvegen 103, 5454 Sæbøvik

Vis i Google Maps