SpareBank 1-Kvinnheradstiftinga gav 400 000 kroner til prosjektet. Det er ei viktig gåve til eit hus som vert drive på dugnad. Me er svært takksame for støtta.
Prosjektet kjem snart i gang, og etterpå vert konstruksjonen framfor huset fjerna. Dei som kjem til framsyningar, samlingar og andre aktivitetar, skal vita at tryggleiken i bygget vert teken på alvor. Det gjeld òg dei frivillige og dei faste brukarane som legg ned tid og krefter her.
Å halda eit stort kulturhus ved like i tråd med gjeldande forskrifter krev mykje arbeid. Difor betyr gåva mykje, både for dei som tek vare på huset, og for alle som brukar det. Me er glade for at stiftinga har tru på oss og støttar eit kulturhus som høyrer heile øya til.